Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet. Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og fi nne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist - og etablerer seg som teknisk sjef i øvre Valdres. Men ideen om å fi nne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i det tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv. Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på syttitalet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fi re generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?
Les mer
Innhaldsrikare og formsikrare norsk roman er ikkje lett å finna.

Produktdetaljer

ISBN
9788252187267
Publisert
2016-09-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
457 gr
Høyde
211 mm
Bredde
140 mm
Dybde
29 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
315

Forfatter