Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet. Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvann han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måtar ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: Han blir militærnektar, student og politisk aktivist - og etablerer seg som teknisk sjef i Øvre Valdres. Men ideen om å finne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av reisene i den tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv. Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegodset som nådde heilt inn i norske studenthyblar på 1970-talet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193992
Publisert
2017-02-21
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
310 gr
Høyde
200 mm
Bredde
127 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
315

Forfatter