Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv? «Eit praktisk menneske» er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?
Les mer
«Ei gruppe amerikanarar vender «tilbake» til ei bygd dei aldri har vore i, og bygdefolket steikjer for første gong gris over bålet på jonsokaftan . for å gje dei heimkomne noko 'ekte'. Musealterapeuten (!) Liv er observerande deltakar til alt det underlege folk har for seg i Avdalen. Ho driv med temmeleg rare greier sjølv, og er klar over det. Ein ekte Rorgemoen-roman: original, skarp og vittig.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205553835
Publisert
2021-04-22
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Kolon
Serie
Vekt
91 gr
Høyde
185 mm
Bredde
116 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
86

Forfatter