Eit familiedrama om vår plass i naturen. Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban. Allereie da ho kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området og familien blir stengd inne på setra saman med to ruskete jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme. Gult farevarsel er ein roman om menneske og dyr, og om korleis vi ser kvarandre og naturen vi alle er ein del av.
Les mer
Det kan vere vanskeleg å bake klimakamp og miljøengasjement inn i ein roman, utan at det blir trått misjonerande. Brit Bildøen klarar det betre enn dei fleste. «Gult farevarsel» vart ein uventa spanande tur til fjells. Eg mistenker dessutan at boka vil røre . og opprøre . hundeelskarar ekstra hardt
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234011375
Publisert
2023-08-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
340 gr
Høyde
210 mm
Bredde
137 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
229

Forfatter