Om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åleine etter vegen då ein bil stoppar opp. Det er legen Karl og kona hans, Pauline. Meir enn noko anna i verda ønsker Pauline seg eit barn. «Kom ei jente gåande» er ein roman om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Boka handlar om identitet og minne og om retningane eit liv kan ta, langt utanfor barnet sin kontroll.
Les mer
"Kom ei jente gåande" er med sine enkle setningar, den eine sirleg lagt til den førre, ein diskret, dvelande og saktegåande roman, både vakker og nifs.

Produktdetaljer

ISBN
9788252187762
Publisert
2022-02-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
310 gr
Høyde
211 mm
Bredde
138 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
181