Ikkje greitt å vere geit, tenkte eg. Var ør i skallen og bestemte meg for at denne dagen skulle eg ikkje drikke. No måtte innvolane få litt ferie og.
Eg laga meg litt kaffi og skar litt brød og åt på altanen. Åt mens eg irriterte meg over om stovepiken kom eller ikkje. Hadde shorts på meg i allefall. Hadde kjempa ei stund med å få han på meg på grunn av sterk ereksjon.
De to eldre finnane sat ved frukostbordet sitt på altanen sin og drakk sprit og kaffi som vanleg. Naboaltanen vis allmenn vis hadde eg enno ikkje sett liv på. Berre den mystiske t-skjorta.
Valkyria stod på altanen overfor og kjefta høglydt på mannen sin. Halve Playa del Ingles skulle få høyre kva dust det var. Den einaste form for forsvar var ei djup ølbrumming av tysk karakter langt inn i leilegheita. Skulle tru han hadde høyrt dette før ja. Stakkars jævel, nok eit bevis på at giftemål er ei altfor risikobelaga handling. Eg er ikkje så stø i tysk, men eg fann ut at mannen ville drikke øl og lese avisa mens ho ville ha ein tur på stranda. Og tok eg ikkje feil, så meinte eg det låg ei oppfordring i lufta om at ho burde hoppe utfor altanen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788299524223
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tom Rasmussen produksjoner
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
192
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter