Norrøn mytologi i 2020-drakt Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som har sverdet, må redde verda frå undergangen, sjølvaste Ragnarok! Bli med inn i det fantasifulle vikinguniverset til Ida Eva Neverdahl. I teikneserieromanen «Floke» blandar ho norrøn mytologi, action og fantasidyr med trekk frå norske eventyr og ein god dose absurd humor. Dette er bok ein av to i Neverdahls nye serieprosjekt. "Floke" er laga i samarbeid med Norsk Barneblad.
Les mer
Tittel fra omslaget
«Ida Neverdahl tek seg fridomar med det mytologiske materialet som få andre kunne komme unna med, men som i hennar omarbeiding er vedunderleg forfriskande.» Trond Sätre, Serienett

Produktdetaljer

ISBN
9788234003547
Publisert
2020-10-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
560 gr
Høyde
248 mm
Bredde
175 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
171

Forfatter
Illustratør