Vakker biletbok for førskule-og småskuleungar med enkle, barnenære dikt av "diktarapparatet Vesaas" (som ein barnemunn ein gong las då det stod "diktarparet Vesaas"). Dei fleste av dikta vart opphavleg skrivne på bestilling til bruk i lesebøker, medan ein del av Tarjei Vesaas' dikt er tekne frå hans vanlege diktsamlingar for vaksne - i den gode tru at dei kan lesast med utbyte både for og av barn. Biletkunstnaren Inger Lise Belsvik har som spesiale å illustrere dikt - ho meistrar den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ei vakker familiebok, som ønskjer små og store velkomne inn i diktet. Boka er med på å markere 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas i 2007.
Les mer
Boka inneheld dikta Fuglevise, Smålamma mine, Eit lite lam, Gamle, kloke fru ugle, Tøysevers om katten, Det tronge huset, Tyttebær, Jon og eplet og Månen av Halldis Moren Vesaas og Ein skaremorgon, Brøyteplogen, Fiske på isen, Stutt er folars flygelov, Det var ein gong, Natta, Gunnar og bjørka, Klukkesundag, Båten og fisken og Når alt er rundt av Tarjei Vesaas. Dikta er henta frå Dikt i samling av H.M. Vesaas, Aschehoug 2001 og Dikt i samling av T. Vesaas, Gyldendal 1972.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252171167
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
380 gr
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
30

Illustratør