Vinnar av Brageprisen 2023 og nominert til Nordisk råds barnelitteraturpris! I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte. Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er. Åshild Irgens (f. 1976) har illustrert boka. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Tonje Glimmerdal.
Les mer
Maria Parrs nye barnebok er rent gull . og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands.

Produktdetaljer

ISBN
9788234011450
Publisert
2023-07-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
468 gr
Høyde
205 mm
Bredde
154 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
196

Forfatter
Illustratør