Denne boka i konstruksjonsteknikk er skriven spesielt for den nye læreplanen for teknisk fagskole, men ho vil også passe for dei tekniske høgskolane. Til dømes vil den generelle innføringa i dimensjonering av maskindelar høve godt som støttelitteratur for 2- og 3-vekttalskurs. Boka tek i detalj for seg dei ulike sidene ein konstruktør må vurdere for å kunne dimensjonere maskinelement. Dette er "praktisk mekanikk". I boka tek vi i bruk dei likningane og metodane som er innøvde i faget mekanikk, for å finne storleiken på reaksjonskrefter og moment som ytre krefter set opp. Kreftene og momenta bruker vi til å finne kor store dimensjonar maskindelane må ha for å gi den tryggleiken vi ønskjer mot deformasjon eller brot. Forfattaren har prøvt å finne fram til døme som er typiske for emnet, men som samstundes er oversiktlege og forklarande, slik at tekst og døme går hand i hand. Etter kvart kapittel står det ein del øvingsoppgåver. Kjell N. Johannessen er sivilingeniør i maskinteknikk med eksamen frå Universitetet i Newcastle. Han har allsidig erfaring som konstruktør frå produksjonsverkstader og prosessindustri. Dei siste åra har han undervist i maskinkonstruksjonsfag ved teknisk fagskole. Kjell N. Johannessen er no tilsett som høgskolelektor ved Høgskolen i Tromsø.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276746600
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
660 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
352
Orginaltittel
Konstruksjonsteknikk
Sjanger
Skolebøker