Strandebarmaren -småbåtbygging i Hardanger På det meste vart det bygd 1300 strandebarmarar i året i Strandebarm, Hardanger, og mange har gode minne knytt til denne båttypen. I boka «Strandebarmaren» kjem me tett på båtbyggjarar som hugsar glansperioden i mellomkrigsåra, og me får vera med Peter Helland-Hansen når han byggjer ein ny båt. Her fylgjer me Peter frå han vel emne i skogen, strekkjer kjøl i verkstaden og fram til han sjøset den ferdige båten, med årar og segl. Han viser oss verkstaden, fortel om verktøy og historie og gjev gode råd om reparasjon og vedlikehald. I kapitlet Marknad og omsetnad gjev Atle Ove Martinussen oss eit blikk inn i den store suksessen strandebarmaren hadde i marknaden. Kvar tok nybygde båtar i tusental vegen? «Strandebarmaren» er rikt illustrert med 906 foto og 172 teikningar. Boka gjev ei god innføring for den som sjølv vil byggja båt - men ei bok kan ikkje stå for den fullstendige opplæringa. For båtbygging må lærast saman med nokon som kan det - og ikkje minst gjennom «å gjera». Eller som Peter seier det: «Det er litt som å dansa. Før me kjem på golvet vert det liksom ikkje noko fart i det.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630659
Publisert
2014-10-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Kapabel Forlag AS
Vekt
2500 gr
Høyde
280 mm
Bredde
220 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Sjanger
Faglitteratur