Tal i arbeid
Tal i arbeid er eit læreverk for matematikkfaget på alle yrkesfaglege studieretningar i den vidaregåande skulen, matematikk 1M.
Læreverket har eigne lærebøker for alle studieretningane:. Byggfaga (byggfag, tekniske byggfag og trearbeidsfag). Elektrofag. Formgivingsfag. Helse- og sosialfag. Hotell- og næringsmiddelfag. Mekaniske fag. Naturbruk. Yrkesfag med tillegg for kjemi- og prosessfag
Lærebøkene er alt-i-eitt-bøker som omhandlar alle mål og hovudmoment i samsvar med den nye læreplanen frå 1999. Bøkene inneheld teori, døme og oppgåver, og dei er gjennomillustrerte.
Det finst òg ein felles ressursperm for alle dei ti yrkesfaglege studieretningane. Ressurspermen inneheld stoff som skal vere ei støtte for læraren i planlegginga og gjennomføringa av undervisninga. 
Tal i arbeid for byggfagaI denne boka er matematikken tilpassa emna i studieretningane for byggfaga. Både i teori, døme, illustrasjonar og oppgåver vil ein finne fagområde frå studieretninga.
ForfattaraneTil saman seks forfattarar står bak læreverket Tal i arbeid. Odd Bue, John Engeseth, Aage Ingjer, Per Inge Pedersen, John Ivar Solvik og Susanne Stengrundet har til saman lang røynsle frå ulike delar av skuleverket: ungdomsskulen, alle studieretningane i den vidaregåande skulen og frå teknisk fagskule.
I to forfattargrupper har dei utvikla kvar sine komponentar til Tal i arbeid; dei utgjer eit heildekkjande verk for matematikkfaget i dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen.
                                
                                Les mer
                              Produktdetaljer
ISBN
                    
            9788203325526
      
                  Publisert
                     2000 
                  Utgave
                     3. utgave 
                  Utgiver
                    Aschehoug & Co
                  Vekt
                     750 gr
                  Høyde
                     188 mm
                  Bredde
                     267 mm
                  Dybde
                     17 mm
                  Språk
                    
  Product language
              Nynorsk
          Format
                    
  Product format
              Heftet
          Antall sider
                     296
                  Orginaltittel
                     Tall i arbeid
                  Sjanger
                     Skolebøker