Mange hundre år med klippfiskhistorie har no kulminert i ei flott bok, der forfattar, fotograf og formgjevar gir lesarane moglegheita til å sjølve oppleve kva den tradisjonsrike råvara kan tilby.

- Andreas Bjerknes, Vikebladet

Flott bok om klippfisk!

- Paul Odland, Dagen

Som vanleg er bokbunaden frå Skald eminent, mest som eit kunstverk , eller eit innbydande måltid. Ei annleis kokebok, eit unikt samarbeid mellom forfattar, fotograf og formgjevar. Ja til klippfisk og kreativ gastronomi!

- Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

Klippfisk blir ei bok for den frie og sjølvstendige kjøkkenarbeidaren, som trivst med å bruke skjøn og gjere eigne vurderingar i matlaginga. Boka inneheld oppskrifter etter gammalt mønster, slik mange kokebøker var den gong kvinnene var autoritetar på kjøkkenet. Denne kokeboka har bearbeidd portugisiske oppskrifter frå ein original som har lege gøymd sidan hundreårsskiftet. Innhaldet viste seg å løyne eit mest endelaust smaksrike, med få ingrediensar: klippfisk, olje, smør, poteter, urter og krydder. Men oppskriftene er meir enn vegen til god mat. Dei er små forteljingar som speglar spor etter handelsvegar, interesser, konflikter og verdiskaping. Bakom oppskriftene ligg spørsmål om innovasjon og kunnskap som gjorde eksporteventyret muleg. Det er del av den maritime historia vår. I motsetning til andre kokebøker har ikkje denne fotografi av ferdige, styla rettar. Vi trur at lesaren kan skape sine eigne indre illustrasjonar, og utforme rettane etter eige skjøn. I staden har vi lagt vekt på at nærbilete av råvarene skal formidle ein viktig bodskap: mat er liv.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279592990
Publisert
2019-11-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Skald AS
Vekt
1077 gr
Høyde
247 mm
Bredde
247 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
223
Sjanger
Faglitteratur

Bilder av